Denne gongen var det dei flotte fargane og gløden i utfordringsbildet som inspirerte meg.
Eg laga ei side med bilder frå rom-jula i 2015. Det var nydeleg soloppgang.
Eg har kalla sida mi "Magiske øyeblikk"
Eg har kalla sida mi "Magiske øyeblikk"
Eg har brukt 4 x 6 kort frå Kaiser kraft.
PL-sida eg brukte hadde ein kanal langs eine sida. Denne delte eg opp med fuse-toolen,
slik at det blei fire små lommer på venstre sida. Dei to midterste fylte eg med div. paljetter. Det har eg også brukt
som dekor på nokon av bileta.
I dei to felta oppe og nede sette eg inn kort som eg hadde stempla med vintermotiv og dekorert med paljett-stjerner.
Detalj-bilder:
Her er lommene eg laga med fuse-tollen.
Stempelet med granbar og stjerner har eg malt over med Wink og Stella, clear.
Stjerne-stempelet har eg også brukt på nokon av bileta.
På det eine bildet brukte eg ein liten dikorbit som dotter mi har laga til meg.
Ein kjekk teknikk er å dekorera med tynt gjennomsiktig papir. Dette festa eg med
Destress Collage Medium, matte.
Teksten på sida er skriven på ei gammal manuell reise-skrivemaskin, og så diesa ut etterpå.
Takk for at du såg innom 😊