mandag 21. november 2016

Utfordring Project Life Norge, November



Project Life Norge, NOVEMBER!



Nydeleg bilde i utfordringa for denne månaden!
Eg vart inspirert av bilen og den fine blåfargen. Bildet hadde også ein roleg fin stemning og dette gav meg inspirasjon til å laga ei side med bilder frå sumarferien i år. 


Eg plukkar som vanleg i scrappesakene mine og veit i grunnen ikkje kva kit dei ulike korta kjem frå. Eg har dessuten laga to av korta sjølv ved å bruka ein rund blending tool og stempla sirklar i ulike fargar.

Detaljbilder:


Eg hadde tatt eit artig bilde av brostein. 
Her vart det naturleg å plassera ein liten bil med nøkklar! Skreiv ein tekst på skrivemaskin med namnet på byen me besøkte.
(Har "investert" i ny/gamal skrivemaskin frå 1964!)

 

Dette er korta eg laga sjølv ved å bruka blending tool å setta sirkalar i ulike fargar. Så har eg montert dei på to PL-kort. Her har eg dekorert med eit band paljettar som hentar opp den blåe fargen i inspirasjonsbildet. Eg har også brukt dekor i farga velum og ein sirkel og ein sumarfugl eg har stansa ut sjølv. 


Dekor til dette PL-kortet har eg plukka i "div. eska" mi. Her er paljettar, små blomster, splittbinders med innramma perle, sirkel i gullpapir og ein i velum.

 

Eg har  brukt sommarfugl fleire plasser i dette prosjektet. Her er det to ulike sommarfuglar i tre. 
Her har eg også skrive tekst med skrivemaskin.


Dette kortet hadde ein tekst eg syns passa godt. Eg supplerte med ei hjarta i velum som dekor på dette kortet.

TAKK FOR AT DU SÅG INNOM BLOGGEN MIN!